Meldingsbrev desember 2023

 "Bølgedalen" er passert

I mars 2023 måtte vi i Memoar sjå i augene at vi ikkje hadde vore flinke nok til å bruke gode tider til å ruste oss for nye, magre år. Fire år med god finansiering frå Sparebankstiftelsen DNB i prosjektet "Munnleg historie for alle" var over. Sparebankstiftelsen var med vidare, med rundhanda støtte til prosjekt "Oslove". Men det gjaldt berre arbeid i Oslo. I resten av landet måtte vi stille om. 

  • Vi måtte seie farvel til to av dei tre prosjekt-engasjerte medarbeidarane vi hadde.  
  • Vi måtte starte gjenoppbygging av medlemsmassen, og ny involvering av medlemmer som hadde blitt sitjande på sidelinja i prosjektperioden. 
  • Og det såg ut til at vi også hadde ein jobb å gjere for å bevise Memoar ville overleve bølgedalen. 
Nå går 2023 raskt mot slutten. Alt tyder på at 2024 blir eit spennande år med rask vekst bvåde i den frivillige og den profesjonelle delen av arbeidet.  Her kjem utsiktene, slik dei ser ut akkurat 1. desember: 

Oslove: 11 månaders langspurt 

Ved utgangen av november hadde Oslove-prosjektet produsert 93 av dei 400 intervjua med Oslo-folk som skal leverast til Oslo Byarkiv i november neste år. Materialet skal ikkje berre samlast inn - det skal også formidlast gjennom den nye nettsida www.osloove.no og i kunstnarisk form mellom anna som eit lydverk. Prosjektleiar Cathrine Hasselberg er optimist på gjennomføringa. Så langt har eit førtital frivillige intervjuarar vore med i arbeidet. Det blir ei stor utfordring i vårhalvåret å sikre at arbeidet i Oslo veks vidare etter Oslove. 

Nasjonalt: Eit stort migrasjonsprosjekt


Heilt sidan i vår har vi arbeidd for å bygge opp parntarskap rundt ei landsomfattande innsamling av munnleg historie om migrasjon, i tilknytting til Utvandrarjubileet i 2025. I går meldte styringsgruppa i den nasjonale jubileumskomiteen at dei støttar planane vi har lagt fram og arbeidet vårt for å få finansiert eit slikt prosjekt. Landslaget for lokalhistorie skal diskutere om også dei skal vere med på sitt styremøte 19. desember. Også andre viktige samarbeidspartnarar er i besluttingsprosess. Femte desember går den fyrste finansieringssøknaden, og vi er veldig optimistiske på at når vi kjem til mars, er vi i gang med dette spennande prosjektet. 

Immateriell kulturarv  - munnleg historie og bygningsvern

Alt tyder på at på nyaåret kjem vi i gang med eit pilotprosjekt saman med Fortidsminneforeningen, for å samle, analysere og formidle munnleg historie knytta til Holdhus gamle kyrkje i Bjørnafjorden kommune. Memoar skal ha ansvar for opplæring og rettleiing av intervjuarar frå Fortidsminneforeningen. Målet er å vise ein metodikk for å utvide bygningsvernet til også å omfatte immateriell kulturarv. Kva har folk å fortelje om den gamle, avsidesliggande kyrkja? Kva slags plass har ho i lokalkulturen og i livet til folk i området? Dette er ein spennande forsøk som kan setje ein mal for samarbeid med fortidsminneforeiningar over heile landet. 

Intervjuserie om berekraftsutvikling



I januar startar vi også arbeidet med ein intervjuserie om berekraftsarbeid. Ei rekke aktive medlemmer av Bærekraftige Liv  skal intervjuast av ei prosjektgriuppe i Bergen.  Denne innsamlinga er del av eit internasjonalt samarbeid som skal dokumentere arbeidet for ei meir berekraftig utvikling. Planen er ti intervju i urbane strøk, og ti intervjua i landsidstrikta rundt Bergen. 

"Bergensminne" skal eksporterast til Polen

I løpet av hausten har vi utvikla samarbeidet med ein høgskule og ungdomsrådet i den vesle byen  Starachowice i Polen. Dei hadde sjølve funne fram til Memoar, og tok kontakt for å drøfte samarbeid og kompetanseoverføring til eit lokalt prosjekt der som har mange felles trekk med prosjekt Bergensminne hos oss. Saman har vi utvikla ei prosjektskildring, og dei har så i sin tur søkt finansiering gjennom norske EØS-midler. Både dei og vi er optimistiske, og så sant finansieringa fell på plass startar arbeidet i juni. 

- og "Munnleg historie for alle" skal eksporterast til Sverige:

Saman med systerorganisasjonen vår, OHIS (Oral Historia i Sverige), Södertörn Högskola og Månkulturelt Centrum i Boktkyrka utanfor Stockholm,  skal vi gjennomføre eit pilotprosjekt våren 2024. Piloten skal teste ut metode for å overføre kompetanse og metodikk frå Memoar til systerorganisasjonen vår i Sverige. 
Munnleg historie er fyrst og fremst ei akademisk øving i Sverige - dei manglar slikt folkeleg engasjement som vi dyrkar. I Noreg er situasjonen omvendt: Vi har Memoar, men manglar eit nettverk blant forskarar og teoretikarar. Dersom pilotforsøket i Bokyrka blir vellukka, er tanken at vi skal samarbeide om eit større, nasjonalt prosjekt som liknar på Munnleg historie for alle i Sverige. 
 

Vi treng medlemmer - og vi treng fleire "proffar"! 

Det kan sjå ut som at vi er på veg inn i ein periode med sterk vekst i interessa for munnleg historie. Det er viktig å bygge organisasjonen slik at vi klarer å fylgja opp. Derfor tar vi eit nytt rykk i medlemsvervinga nå like før jul. Hjelp oss å vise interessa for munnleg kulturarv gjennom eit veksande medlemstal! 
Men vi treng også fleire medlemmer som kan vere med på profesjonelt nivå, som intervjuarar og porosjektleiarar både lokalt der dei held til og på andre stader i landet eller Europa. 

Derfor er tanken å starte eit systematisk arbeid for styrke dei mest interesserte og aktive medlemmene. Vi kallar det eit profesjonaliseringsprogram - for det er nettopp det det er: Vi treng eit lag av profesjonelle minnesamlarar i Noreg. Bli med å utvikle deg gjennom +å melde interesser her: profesjonell.memoar.no


Og til sist:  Memoarkonferanse i mars     


Program og organsiering av nye Memoarkonferanse 7 og 8. mars er så godt som klart. Vi vil gjerne også arrangere ein ny "Memoarfestival" på laurdag 9/3, men vi har ennå ikkje sikra oss økonomi til å gjennomføre den. Oppdater program på festivalen finn du på www.memoarkonferansen.no - og påmeldinga er alt opna på Deltager.no

Kommentarer