Innlegg

Meldingsbrev desember 2023

Bilde
 "Bølgedalen" er passert I mars 2023 måtte vi i Memoar sjå i augene at vi ikkje hadde vore flinke nok til å bruke gode tider til å ruste oss for nye, magre år. Fire år med god finansiering frå Sparebankstiftelsen DNB i prosjektet "Munnleg historie for alle" var over. Sparebankstiftelsen var med vidare, med rundhanda støtte til prosjekt "Oslove". Men det gjaldt berre arbeid i Oslo. I resten av landet måtte vi stille om.  Vi måtte seie farvel til to av dei tre prosjekt-engasjerte medarbeidarane vi hadde.   Vi måtte starte gjenoppbygging av medlemsmassen, og ny involvering av medlemmer som hadde blitt sitjande på sidelinja i prosjektperioden.  Og det såg ut til at vi også hadde ein jobb å gjere for å bevise Memoar ville overleve bølgedalen.  Nå går 2023 raskt mot slutten. Alt tyder på at 2024 blir eit spennande år med rask vekst bvåde i den frivillige og den profesjonelle delen av arbeidet.  Her kjem utsiktene, slik dei ser ut akkurat 1. desember:  Oslove: 11